| No livnar det i lundar
|
| Med fire ungar og fem hundar
|
| Og bestemor, det er nok med ei
|
| Ho sit der og er så snill og grei
|
| Og ha' eg hatt hane, er dett visst at’n gol
|
| Det er regn og tore og snø og sol
|
| Og klokka ho kvin med sitt ding og dong
|
| Og det er femten songar på ei gong
|
| Ja her er det hjalling
|
| Alarmar som går og de’r koppeskralling
|
| Og kjeftar som går men det er 'kje visst
|
| Om kva, eller kven som ha' ordet sist
|
| Og ha' du vor' innom, så hadde du rømt
|
| Og ha' eg hatt valium ha' pakka vor' tømt
|
| Telefonen den ringer for ennte gong
|
| Og det er femten songar på ei gong
|
| Det er laurdagskos og dagen fri
|
| Og storfamilie kvalitetstid
|
| Og ein som har gjibussdag (hurra for den)
|
| Og gåve det er gjeve, det er kje godt å sjå til kven
|
| Det ropar på far, men kven far då
|
| Det her er visst koseleg, men kven for då?
|
| Det her det er livet, men kvens då?
|
| Ja her er det grining
|
| Og utover sofa sjokoladeklining
|
| Og bestemors klaging, og far og mor
|
| Og svigermor og svigerfar og oppvask stor
|
| Det durar i 150 desibel
|
| Og eg kjenner eg må ut for ikkje kose meg i hel
|
| Og Gud hjelpe konn; |
| det’r berre fyrste sesong
|
| At det er femten songar på ein gong
|
| Ein song hit og ein song dit
|
| I koss familie så skal det ver' slik
|
| Ein song opp og ein song ned
|
| Og det’r ingen som veit hoss ein får det til
|
| Ein song hit og ein song dit
|
| I koss familie så skal det ver' slik
|
| Ein song bak og ein song fram
|
| Og goffa han sit der i dressen så stram
|
| Og det er femten songar på ei gong |