| Dei seie det e meining, med alle ting som skjer.
|
| Om det e gale eller godt, det e så det ska' ver.
|
| Dei seie det e du som styre kvart et liv,
|
| du har visst vonde planar og tvilsomme motiv.
|
| Men eg, eg trur’kje på det.
|
| Dei seie eg må takka, for gale og for godt.
|
| Eg må visst jubla høgt om eg blir klappa eller slått.
|
| Eg må sei at du e lunefull og litt av ein tyrann,
|
| visst det e du som står bak ulykker og bomber, krig og brann.
|
| Men eg, eg trur’kje på det.
|
| Eg trur at du har skapt meg med følelsar og vet,
|
| te og kjempa mot det vonda, for fred og kjærlighet.
|
| Det gjorde du nå sjøl, blinde såg og lamma gjekk,
|
| alt du gjorde var godt, sjøl om spott var alt du fekk.
|
| Og du kjempa sjøl med døden, så svetten randt som blod.
|
| Og du grein over Lasarus, du verken priste eller lo.
|
| Du levde heilt og fullt, te dei stoppa pusten din.
|
| Men døden tok du knekken på og seieren e min.
|
| Eg, eg trur på deg.
|
| Nå lar eg ikkje døden få bestemma over meg. |
| Nei, nå trur eg på livet, på lyset,
|
| på deg.
|
| Eg vet at eg ska dø, og eg e nok redd for det,
|
| men eg trur ikkje at døden e det siste som ska skje,
|
| Eg, eg trur på deg.
|
| Ein morgen ska eg våkna opp og eg gler meg te å sjå,
|
| alle fangar bli satt fri og alle som ska gå.
|
| Og alle som e bøyde ned av tung sinn og av sorg,
|
| ska reisa seg og dansa på paradisets torg.
|
| Me som håpe på det, koss kan me la vær
|
| og la detta håpet farga livet her. |